Liabu ligg ca. 820 moh. Frå enden av Djupagjelvegen i Vik Fjellandsby tek turen om lag 30 min. Frå hytta er det 600 meter til Liasete i sør. Du kan også gå vidare til Liahovden.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Frå Vikøyri følg rv 13. og ta av til Vik Skisenter. Følg vegen rett fram til parkering ved Vik Skisenter.
Frå parkeringsplassen er det skilta sti på skogsveg. Gå over ei bru og følg skogsvegen til du møter ein grusveg. Følg denne oppover mot Vik fjellandsby og til enden av Djupagjelvegen. Her skal ein velje stien til venstre, som går oppover mot fjellet. Denne er umerka. Følg stien i 850 meter, då skal du krysse elva Djupegila. Vidare går ein på nyrydda sti som er merka.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk