Briksdalsbre Fjellstove har tatt imot turistar og gjestar frå heile verda i meir enn 140 år. Den ligg på vestsida av Jostedalsbreen Nasjonalpark og er ein inngangsport til brelandskapet. Saman med Oldedalen Skysslag legg fjellstova til rette for naturopplevingar og vandring i Briksdalen/Oldedalen
Fjellstova har kafeteria, restaurant/kafé og spisesalar med sitjeplassar til meir enn 550 personar. I restaurant og kafé er menyen innhaldsrik med varme og kalde rettar. “Glasrestauranten” har flott panoramautsikt til fjell og fossefall, og utsikt til fjelltoppane gjennom taket. Det finnes og ei grillhytte med plass til 80 gjestar, der ein kan velje enkel servering eller komplett grillbuffé.
Fjellstova ha seks doble rom med dusj og toalett, hytta “Kvilsbu”, og tre eitt-roms leilegheiter. Både hytta og leilegheitene har utsikt til Oldevatnet og brelandskapet med fossar og fjell.
Fjellstova som er bygd opp kring garden Briksdal, skriv si historie attende til midten av Den vesle istida (1700). Geiter og ysting var levevegen langt inn i førre hundreåret, men i 1967 vart den siste geita slakta og sidan då har turistane fått råde grunnen i den vakre bredalen aleine. Fjøset og låven på garden vart bygd om til suvenirbutikk og rom for overnatting.
Det var bonden Anders Brixdal som såg at det var mogeleg å få nokre inntekter ut av turisme. I 1878 trykte Fjordenes Blad (Fjordabladet) «følgende meddelelse fra eieren af den afsides beliggende Gaard Brixdalen øverst i Oldedalen”:
For 20 Aar siden var det en stor Sjeldenhed, at nogen Reisende besøgte Brixdalsbræen; men i de sidste Aar er de Besøgendes Antal voxet betydeligt; i 1878 var her saaledes 105 Fremmede oppe, hvoraf mange har nedlagt sine Navne i en Flaske under Bræen. Sidste Aar kom jeg til at tænke paa, at det vilde være interessant at faa vite, hvor disse Besøgende kom fra, og jeg har derfor gjort nøiagtigere Optegnelser. Det fremgaar af disse, at her i 1879 var 68 Herrer og 42 Damer paa Besøg op til Bræen af disse var der 7 Svensker, 3 Danske, 10 Englændere, 9 Tydskere, 2 Franskmænd, 1 Amerikaner og Resten Noedmænd.
I åra som følgde fekk Anders Brixdal med seg bygdefolket til å utvikle ein brukbar sti inn til Briksdalsbreen. På ein regnversdag i 1889 kunne Keiser Wilhelm II nytte stien og ri inn til brearmen. Og to år seinare, i 1891, opna Anders Brixdal ei kaffistove på tunet, der turistane kunne kjøpe brus, mjølk, brød og rømmekolle.
140 år seinare den «afsides beliggende» Briksdal gard blitt til ein hektisk turiststasjon. I året før det spesielle året 2020, passerte meir enn 300 000 gjestar frå heile verda teljeapparatet i tunet til Briksdalsbre Fjellstove.
Bilvei heilt fram. Fv 5724 frå Olden til Briksdalsbre Fjellstove, 22 km
Brebussen t/r Stryn-Briksdal Fjellstove via Olden i sommarsesongen 1.06 - 31.08. Sjekk kringom.no
Bilvei Fv. 5724 fra Olden til Briksdalsbre Fjellstove, 22 km
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk