No må sengeplasser bestilles via DNT hyttebestilling.
Denne flotte hytta finn du ved Målsetvatnet på Vikafjellet, Vik i Sogn.
Hytta har totalt 32 sengeplassar. 26 av desse er på sjølve Målsethytta, mens sikringsbua (Vetlehytta) har 6 sengeplassar , 2 familiekøyer
Kjøkkenet har elektrisk komfyr og det ein treng for å lage og servere mat. Hytta er ubetent, dvs det er ikkje matlager på hytta, ta med eiga mat. Det er elektrisk ljos, straumuttak ,kjøleskap, kaffetraktar og vatnkokar både i hovudhytta og i sikringsbua. I hovedhytta er det også microbølgeovn. Hovedhytta har også ei varmepumpe. Hugs å ha med sovepose eller lakenpose og putetrekk.
Sidan det ikkje er boshandtering på Målsete, må alle ta med søppelet sitt med heim. Det er lurt å ta med bospose, i tilfellet det er tomt på hytta.
Det er ikkje innlagt vatn på hytta. Vatn i bekk 50 meter frå hytta.
Det er montert brannstiger på hytteveggen utanfor 2 av soveromma i 2. etasje.
Hugs sporlaus ferdsel
Bestilling via DNT hyttebestilling, søk opp Målsethytta,
Målsethytta er åpen for overnattingsgjester. .
Kan også sende bestilling via epost til maalsethytta@dnt.no.
ENG: Booking the cabin via DNT hyttebestilling.
The DNT-cabin Målsethytta is open for overnight stays .
It is also possible to send an e-mail to : maalsethytta@dnt.no .
Prisar
Medlem i DNT: Vaksne: 280 kr. Ungdom (13-26 år): 160 kr. Barn under 12 år : gratis.
Ikkje medlem i DNT: Vaksne: 440 kr. Ungdom (13-26 år): 320 kr. Barn (4-12 år): 190 kr.
Dagsbesøk medlem: 50 kr per person, Ikkje medlem DNT: 100 kr.
Skuleklasser: 130 kr pr. elev.
Hund: ja, men må være i gang, vindfang eller bur, det er hundebur i vindfanget på Vetlahytta, ta omsyn til andre gjester.
Telt: Overnatting i telt ute kr. 50/ 100 om ein nytter hytta/ toalett.
Hugs å ta med gyldig medlemskort!
Kontonr Vik Turlag: 3800 30 11191, IBAN NO9138003011191 BIC: IDRENO21XXX
Vipps: 502389
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
Målsetvatnet er eit godt fiskevatn, men hugs å kjøpe fiskekort.
_____________________
Kontaktpersonar for Målsethytta er:
Hanne Christin Finne, e-post : hanne.christin.finne@sogn.no, mobilnr. 95941478,
Nils Gunnar Finne. e-post: ngf@sogn.no, mobilnr.91513117.
TINGING AV OVERNATTING : maalsethytta@dnt.no
eller DNT hyttebestilling
Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.
Hytta ligg 1,1 km frå Rv 13 over Vikafjellet. Ein kan køyra bil heilt fram til hytta i sommarsesongen. Rutebuss mellom Voss og Vik stopper ved RV 13 ved stølen Fosse om lag 18 km frå Vik. Bussen går for tida to gonger om dagen i begge retningar (føremiddag og ettermiddag). Ca 1,5 km frå hytta.
Båtforbindelse til Bergen frå Vik . Det er mogeleg å gå frå Selhamar-hytta i Stølsheimen, men denne løypa er ikkje merka per i dag, og gangtid er om lag 7 timar.
Vegen til hytta vert ikkje brøytt i vinterhalvåret. Frå om lag slutten av oktober til begynnelsen av juni (avhengig av snøtilhøva) er det kun tilkomst til hytta på ski eller truger frå Rv 13, ein strekning på om lag 1,5 km.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk