Sylvarnes

Annonse

Om hytta

Overnatting på det gamle skulehuset på Sylvarnes.

OBS! Det kjem ei gruppe på ca 11-12 personar for overnatting i skulehuset på Sylvarnes 15-16 august 2019. Bergen & Hordaland Turlag skal ha fellestur med overnatting på skulen laurdag 24. august 2019.

Huset er per i dag eigd av Vik kommune og drifta av Vik Turlag. Lokal tilsynsperson.

Ope heile året. Straum og innlagt vatn. WC. Oppvarming med vedomn og elektrisk panelomn i nokre rom.

Sengeplassar:

Det er to soverom, eitt med 5 senger og eitt med 4 senger, totalt 9. I tillegg kan ein sove på 2 sofaer i stova. Det finst dessutan 5 ekstra madrassar.

Kjøkenet:

Kjøkenet er utstyrt med komfyr (4 kokeplater, 3 steikebrett/-panne), kjøleskap og tallerkar/koppar/bestikk for om lag 15 personar. Det er 1 steikepanne og 5 gryter i ulike storleik. Det er fleire kaffitraktar på huset.

Prisar:

Medlem i Vik Turlag: Vaksne 155 kr, ungdom (13-26 år) 70 kr, barn gratis

Medlem i DNT: Vaksne 200 kr, ungdom (13-26 år) 100 kr, barn gratis

Andre: Vaksne 300 kr, ungdom (13-26 år) 200 kr, barn (4-12 år) 120 kr

Dagsbesøk: 30 kr

Det SKAL betalast for dagsbesøk når ein brukar opphaldsrom og/eller kjøkenet.

Hund: 50 kr

Betaling til Vik Turlag

Kontonummer: 3800 30 11191
IIBAN NO9138003011191
BIC: IDRENO21XXX

Ein kan ta med giro som ligg på huset.

Det er no muleg å betale med Vipps. Vipps nr er 502389, merk med navn og kva hytte det gjeld.

DET ER FOR TIDEN IKKJE VATN I KRANENE. VATN MÅ HENTAST I ELVA .

DET ER HELLER IKKJE VATN TIL DOEN, SO DET MÅ SKYLLES NED MED VATN.

DET ER IKKJE NOEN UTEDO SOM ER I ORDEN. HÅPER Å FÅ RETTA OPP DETTE I LØPET AV SOMMEREN.

Fasiliteter

  • 220v

Slik kommer du deg dit

Tilgjengelig med

  • Kollektivtransport
  • Båttransport

Adkomst sommer

Adkomst til fots på sti frå Ortnevik eller Sylvarnesdalen/Hanekam.

Elles tilkomst per båt. Rutebåten Vik-Ortnevik-Nordeide stoppar på Sylvarnes. Ruta går heile året, men ikkje kvar dag i veka.

Ruteopplysingar

Adkomst vinter

Rutebåten Vik-Ortnevik-Nordeide stoppar på Sylvarnes. Ruta går heile året, men ikkje kvar dag i veka.

Ruteopplysingar

Papirkart

Kartblad: Balestrand 1317-3 (2011)

Annonse