Dagsturhytta Nipaståvo er på plass ved stien frå Stølen i Auklandshamn mot Emberlandsnipen.
Stien går frå Stølen i lett terreng gjennom lauv og furuskog. Lett stigning mot hytta på god sti. Hytta ligg på omtrent 170 moh.
Hytta vart offisielt opna juni 2021.
Dagsturhytta er alle sveiobuar si hytte. Kontakt Sveio kommune om spørsmål ang. Nipaståvo.
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si og få litt varme i seg. Etter suksessen i tidlegare Sogn og Fjordane utvidar vi konseptet til å gjelde Vestland fylke. Les meir om dagsturhytteprosjektet i tidlegare Hordaland.
Hytta er i nærleiken av Skyggjeberget, på turstien frå Stølen i Auklandshamnn mot Emberlandsnipen. Turen er på omlag 2,8 km og tar 45 minuttar å gå for ein vaksen i roleg tempo.
Parkeringsplass ligg på Stølen i Auklandshamn, der stien opp til hytta er merka frå.
Du finn parkering om du kjører til Auklandshamn og svinger av mot skule og butikk.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk