Nykshytta - dagsturhytta i Askvoll

Annonse

Om hytta

  • Område
  • Sengeplasser
    Ingen sengeplasser
  • Åpningstider
    Hele året

Dagsturhytta i Askvoll kommune ligg ved Nyksvatnet i Holmedal. Hytta har solceller for å få lys og varme i hytta, samt sanitæranlegg (utedo).

Hytta ligg på om lag 455 moh. Stien er om lag 2 km og i vanleg tempo brukar du 45 minutt opp.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

Les meir:

Fasiliteter

  • Strømovn
  • Wc

Passer for

  • Skoleklasser

Slik kommer du deg dit

Adkomst sommer

Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Det er skilta undervegs.

Fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatnet som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal.

Like før Nyksvatnet kjem du til ein stigaffel, der du tar av til høgre mot Moldura. Ein kan også gå rett fram opp til Nyksvatnet og ta til høgre ved skilting Håland/Tveit - stølane. Hytta ligg då berre 100 meter lenger oppe.

Annonse

SjekkUT | Nykshytta - dagsturhytta i Askvoll

Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

Les mer om SjekkUT
950

SjekkUT-besøk

Gjestebok (0)

Ingen har skrevet i gjesteboka for Nykshytta - dagsturhytta i Askvoll ennå. Ta turen og bli den første!

mobil med SjekkUT appen åpen
person ute i naturen

SjekkUT

Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

Les mer om SjekkUT