Rute 03-12, S. 110 i Opptur Sunnfjord. Dagsturhytta Gyttakvia ligg på om lag 250 moh under Vetle Viefjellet. Turen til hytta tek om lag 20 minutt i normalt gåtempo og noko lenger med born. Det går bybuss til og frå mellom sentrum og Vieåsen. Parkering ved Vieåsen barnehage. Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Gå ein bratt og gruslagd sti til venstre oppover forbi husa. Turen er godt opparbeidd. Sjå ut.no eller dagsturhytta.no for meir detaljar..