Roan

Annonse

Om stedet

  • Område
  • Type
    Utsiktspunkt, Fjelltopp, Parkering, Turpost
  • Høyde over havet
    1191.2 m
Rute nr.1 - Roan - 1191 moh.* Hauggrend. Tak av FV 355 i Hauggrend mot Foldsæ og fylg vidare skilt mot Roan. Bomavgift. Køyr skilta skogsbilveg fram til parkering like før turvegen startar etter 4.5 km. Frå informasjonstavla fylgjer ein vegen ca. 50 meter før ein svingar inn i skogen til høgre og kryssar elva. I den nedre delen går stigen i furuskog, vidare gjennom fjellbjørkeskog og opp mot snaufjellet til toppen, som er den høgaste i Fyresdal. Utsynet frå Roan-toppen er storslått. Herifrå kan ein i godvêr sjå store delar av fjellheimen i Telemark. Det er sett opp ei informasjonstavle som syner fjelltoppar frå i nordvest, søre delen av Hardangervidda mot Gaustatoppen (1 883 moh.) og vidare austetter mot Lifjell og nære fjellområde. Følg same vegen tilbake til Røyningdalen. Hugs å skrive namnet ditt i boka. Total lengde: 10 km. Stigning: 590 m. Terreng: Krevjande, bratt stigning.

Slik kommer du deg dit

Fant ingen stoppesteder i nærheten.
Annonse