Tjønnefjell

Annonse

Om stedet

  • Område
  • Type
    Utsiktspunkt, Fjelltopp, Turpost
  • Høyde over havet
    1064.8 m
Rute nr. 5 - Tjønnefjell - 1065 moh.* Åslandsgrend. Tak av FV 355 i Hegglandsgrend mot Kleivgrend. Fylg skilt til Åslandsgrend etter omlag 2,5 km og vidare skilt til Tjønnefjell etter nye 2,5 km. Køyr 1 km til enden av vegen og parker der. Stigen startar langs ein traktorveg etter å ha kryssa elva. Etter ca. 100 meter kan ein ta til høgre og følgje gammal heiveg. Stigen er ikkje merkt, men det er god gangstig til vardane på Flæune. Ved tegelsteinsvarden går ein bratt rett opp til venstre. Ca 200 meter lenger opp tek ein til høgre inn i skaret mot toppen. På det høgste punktet ser ein varden der boka ligg. På turen ned att kan ein følgje kanten ut mot Tjønnekvæven og snu austover til ein kjem ned på stigen ein gjekk opp. Flott tur om sommaren men fare for snoskred om vinteren! Hugs å skrive namnet ditt i boka! Total lengde: 8-9 km. Stigning: 470 m. Terreng: Middels. Gangtid: 4 timar

Slik kommer du deg dit

Fant ingen stoppesteder i nærheten.
Annonse