Skoret

Annonse

Om stedet

  • Område
  • Type
    Rasteplass, Turpost
  • Høyde over havet
    543.4 m
Rute nr. 7 - Skoret Skoret 550 m o.h. Tak av FV 355 v/flyplassen mot Birtedalen. Tak til høgre etter brua. Fylg skilting og parker langs vegen. Fylg blåmerka stig ved informasjonstavla Bratt, fin gangstig med flott utsikt heile vegen. Undervegs finn ein eit stort biologisk mangfald og mektig utsyn over Fyresdal sentrum og nordre delen av Fyresvatn. På veg opp bør ein ta vegen om det gamle småbruket Skoret. Her var det fast busetjing fram til 1880-åra, men det er dokumentert som øydegard i 1686. Her finn ein ei open varmestove som kan nyttast til rast eller ly for uvêr. Ved utkikkspunktet ved Skoret er det bord og benkar og bok å skrive i.

Slik kommer du deg dit

Fant ingen stoppesteder i nærheten.
Annonse