Denne turen kan enten takast som avstikk på turen "Hovsåsen rundt" eller ein kan starte frå Hovsåsvegen. Turen går på merka og skilta sti gjennom kulturlandskap og heimestølen Holstadstølen. Halvveges krysser ein den gamle skilysløypa. Ta omsyn til beitedyr i området. Frå Storesvingen har ein storslegen utsikt over Vik sentrum og Sognefjorden.