Turen til Vardafjellet startar på høgre hand ca 100 meter etter avkjørsel ned til Kysthospitalet på Hagavik. Retningsskilt er plassert heilt nede ved Fylkesveg 160. På dei første 5-600 metrane av turen går du på bred og god traktorveg opp til Hopvlandsvatnet. Ved demningen tek du til høgre og følgjer skogsstien vidare til toppen. Om det har vore mykje nedbør vil stien frå demningen og opp mot toppen vera prega av fleire blaute parti.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding