Turen til det mest besøkte og populære utsiktspunktet over Gol sentrum startar like ved Samfunnshuset og følgjer for det meste stig mellom Tronderudvegen og bustadfelta der omkring før den fortsett i skogsterreng. Ein tur som passar for dei aller fleste, men merk at stigen er bratt dei siste hundre meterane før toppunktet. Ein slakare, men lengre variant av turen er å gå om Vindfallet. Då må ein fortsetja om lag 400 meter ned Robølevegen før stigen inn i skogen tek til. Lisbetnuten er 601 m.o.h.