Buksebrune er ei bru som er ein kopi av ei gamal bru som sto på same staden før. Følg fylkesvegen mot Fagernes og ta til venstre i fyrste krappe høgresving etter 2 km frå sentrum. Deretter kan grusvegen på Bergasida følgjast om lag 2 km innover til Gjesthus der Buksebrune ligg over elva Hemsil. Ved brua er det sittebenkar og eit triveleg miljø.
Like sør for Buksebrune ligg Golsjuvet, og om ein ynskjer å sjå nærmare på dette fins det ein umerka stig som fortsetter sørover langs vestsida av Hemsil. Det er også mogeleg å fortsette turen opp mot Buksegården like ved rv 52. Stien hit går vidare til høgre på vestsida av Buksebrune.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding