Følg same ruta som Postvegen frå Vik til stikryss på toppen av postvegen (3 km) . Ta av t.h. på sti mot Storahorga (665 moh). Stien er lett å finna, dels på fjell og i myr. Oppe på sjølve fjellet er det høgfjellsnatur og lett å gå innover fjellet på god og fast sti til Storahorga. Flott utsyn mot Fusafjorden, Bjørnafjorden og Os-landet i vest, Folgefonna i aust.