Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 7,0 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 539 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

På denne turen får du ein smakebit av det meste naturen her i Øygarden har å by på: kulturminne, lyngheier, barskog, løvskog, lune viker, steinur, bekker og utsikt i alle himmelretningar. Turen er variert og stadvis krevjande. Godt skotøy er viktig her. Start ved grendahuset på Kallestad. Dette ligg på venstre side kort tid etter avkøyrsle inn mot Kallestad. Følg bilvegen vidare rett fram til du kjem til Kjereidstivegen. Hald fram på traktorvegen. Vis omsyn til gardsbruket, Ha hunden i band. I enden av traktorvegen går du til høgre og tek av til stien til høgre omlag midt i svingen. Følg blå merker. Noko klyving i steinur ned mot både Kjereide og Brotet. Gå varsamt. Ved skilting Telavåg/Brotet går du retning Telavåg. I løvskogen er det skilta til høgre mot Brotavarden. Meir ope landskap her fram mot turmålet. Utsikt mot havet i vest og byfjella og Folgefonna i aust.

På Brotet var det fleire fangstbuer som tyskarane sprengte og brente for 75 år sidan. Brotet var ein av kastevågene der det vart brukt landnot til å fange makrell og sild.

Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen.

Les meir om Kystpasset under Lenker.

Sporløs ferdsel. Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt der du ferdes.

God tur!

Adkomst med egen bil

Parkering ved grendahuset på Kallestad.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk skyss sin ruteplanlegger for busstider til Telavåg eller Kallestad.
Annonse