Fottur Grov til Fløgen og Hatlesetnipa

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,9 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 526 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - nov

Frå Hatlesetnipa 583 moh har du utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og vestover mot Florø.

Start frå Grov Fv 614 mot Svelgen, ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen. Her er skilta parkeringsplass til "Dagsturhytta Fløgjen". Følg skogsvegen oppover og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er skilta til Dagsturhytta.

Du går forbi Ytste Fløgen, varden som du får på venstre side, før du kjem opp til Dagsturhytta. Turen vidare mot Hatlesetnipa frå hytta er ikkje merka men den er tydeleg. Høgdedraget/fjelltoppen Fløgen 468 moh ligg aust for Dagsturhytta og du passere dette på veg austover mot Hatlesetnipa.

Fortset vidare innover høgdedraget og ned i eit søk til du får den siste stigninga opp til Hatlesetnipa.

"Dagsturhytta Fløgjen" i Kinn kommune vart offisiellt opna søndag 2.juni 2019.

God tur!

Adkomst med egen bil

Start frå Rv 614 på Grov ovafor Trafostasjonen på høgre side

Annonse

on the path