Frå Hovsherad er Snadgjerdsheia grå og avvisande. Men du skal ikkje skua hunden etter håra.
Gå den private vegen frå Sætravegen mot Svenstjørna til du etter 500 m når ei bru over bekken frå Svenstjørna. Gå over brua og fylg traktorvegen 120 m til nødling på stor stein. Det aller fyrste stykket er stien delvis uklår, men den blir snart både god og tydeleg. Fylg stien på høgre side av 417,4-høgda og kryss Kamdalen på stien. Når den gode stien har ført deg opp kneika, møter du eit lettgått, venleg landskap med vakre fargar og idylliske tjørn. Og storslått utsikt over Hovsvatnet og Hovsherad. Turen er umerka.