Følg vegen opp til øvste garden på Øpstad. Fast og god skogsveg vidare, følgjer stort sett den gamle postvegen. 1786-1861: Postføring over Fusafjellet som del av postvegen mellom Bergen og Stavanger. Vegen var då statleg hovudveg. Postkasse med loggbok i stikryss på Ludden etter 2 km (290 moh) og Fimlasteinsgarden. Ned mot Strandvik kryssar stien ein skytebane. Ved skyting på banen er skilta alternativ rute for trygg passering.