Lang, men ikkje særleg tung tur i kupert terreng med samla over 550 høgdemeter til Kikedalen (50 moh).
Følg skogsveg som rute 26, og ta så av innover lia langs Gjønavtnet. Fint utsyn frå Marhovda mot den særmerkte Kikedalen. Øydegard frå Svartedauden (1349). Frå Kikedalen er det spennende å følgja stien vidare til Setehaugtjørna. Alternativ: Gå vidare til Holmane i Samnanger (ca 3 t). NB: I seinare år har det vore hestebeite i Kikedalen frå jonsoktider.