Første del av turen fell saman med tur til Fjellgardane Indre Sandstøl og Espelistøl. (ut.no). Dei gamle fjellgardane er omtala i den turen.
Følg dei blå merkene og kryss bekken frå Furbekktjørna. Etter Indre Sandstøl deler stien seg. Venstre alternativ er det kortaste og tørraste, men òg det brattaste. Høgre alternativ var nok den vanlege sledevegen mellom gardane. Stiane møtest i tunet på Espelistøl.
Like før den blåmerka turen kryssar bekken frå Kvednhushølen, tar eit umerka alternativ av til venstre. Har du kart som viser alternativet, fyll flaskene, finn dyretråkket og følg det umerka alternativet. Du finn ein god del nødlingar, men utan blåfarge. Like etter at du har kome til Raunelivatnet med den idylliske stranda, tar du av dyretråkket som vist på kartet.
No starter ein stigning frå 480 til 580 moh. Så ei flat strekning før terrenget stig vidare til 660 moh.
Du har nå nærkontakt med eit område som ifølge Norsk Vind er "under utvikling" som Bergeheia Vindpark, jf. lenke under. Norsk Vind ser i forhåndsmeldinga til NVE fram til at totalhøgda på dei 50 turbinane vil vera på mellom 200 og 250 meter. Utviklingsplanane møter stor motstand. Facebookgruppa Nei til vindkraft i Sirdal og Lund har 3100 medlemmer.
Terrenget på ryggen mellom Raunelivatnet og Øvre Fiskeløys er lettgått. Når du går over ryggen har du truleg vondt for å forstå at nokon kan planlegga hovedveg til eit vindindustriområde her! Du møter den blåmerka turstien, tar mot venstre og går til Lindtjørnsknuten. Du går langs minst tre brudled, jf. Kulturminnesøk (kulturminnesok.no). Litjødndalen kryssar du utan særlege problem, følg merkene. Siste del mot Lindtjørnsknuten byr på enkel klatring, igjen følg merkene.
Turen sørover mot Storedalen går på snaufjellet. Storedalen kryssast langs myrar før du igjen går på snaufjell mellom tjørn der mange inviterer til forfriskande bad.
Ved Grasdalen møter du igjen myrer og nedstigning i skog tilbake til Kvednhushølen.