Stavestølrunden, Ål i Hallingdal

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse

Utgangspunktet for turen er parkeringen på Mariannes plass (første P på løypekartet frå Laa). Er ungane med på tur er det fint å starte turen mot Damtjørne og Damrasten, då blir det fleire nedoverbakkar på rundturen. Dersom rundturen blir for lang er det mogleg å gå bilvegen attende halvvegs i løypa.

For dei som ynskjer litt meir utfordring kan ein starte å gå til venstre i retning Stavestølane og Skarverasten. Det er to rasteplassar langs løypa, Damrasten som ligg meir i le for vinden og Skarverasten med utsikt til Hallingskarvet. På rasteplassane finn du gapahuk, bålpanner og akebakke.

Beregn sjølv tidsforbruk ut i frå antall km og løypeprofil.

Adkomst med egen bil

Køyr Sundrevegen frå Ål sentrum mot skuletoppen retning vest og følg skilting til Øvre-Ål og Kvinnegardslia. Ta av ved returstasjonen i Kvinnegardslia, køyr Kroktjødnvegen skilta mot Primhovda Sør og følg vegen til andre parkeringsplass. Betalingsavgift på 50,- pr. sms.
Annonse