Nystølrunden på ski

Legg til huskeliste
Annonse

Barnevennlig rundløype på ca. 11 km med utsikt til Sangefjell.

Turen startar du ved hovedparkeringa ved Turrhaug. Ta til høgre i fyrste løypekryss og gå mot Storhovda. Her finn du gapahuk og grillplass. Terrenget er lite kupert og fint egna for barnefamiliar og uvêrsdagar. Ved rasteplassen i Bergstølkrysset finn du postkassa.

Vidare mot Tranetjørni og attende mot Nystølmyrane får du utsikt mot Hallingskarvet og Reineskarvet. Løypa går mest over myrar og er lite utsatt for vind. Denne blir oftast køyrt, derfor er den godt egna også på dagar der veret ikkje er best.

Beregn sjølv tidsforbruk ut i frå antall km og løypeprofil.

Adkomst med egen bil

Køyr Rv 7 langs Strandafjorden, ta til venstre i Kleivi Næringspark og følg vegen over brua opp Sangefjellvegen. Betalingsbom for kort og kontant. Parker ved hovedparkeringa på Turrhaug.
Annonse