Me vil anbefale at ein startar turen med å gå mot klokka. Løypa går i lett kupert terreng og passar bra for både store og små. Turen gir flott utsikt til nærliggande fjellområder. Rasteplassen Pølsekroken ved Kinnhovdun har både akebakke med akebrett og gapahuk. Ein kan også ta lengere runder dersom ein ynskjer det då denne runden også har forbindelse med både Gaukeliløypa (9,1 km) og Skogsløypa (7,9 km).
Det kan væra lurt å ha med seg eit eksemplar av Liatoppen sin løypebrosjyre som ein kan gå etter.
Beregn sjølv tidsforbruk ut i frå antall km og løypeprofil.
Sjå løypekart for Bergsjøområdet