Kjedleknuten er en flott turdestinasjon i Dalane med vid utsikt over det karakteristiske heilandskapet. Turen blir beskrevet som Besseggen i Dalane og har et av de beste utsiktspunktene i området. Turen byr på variert terreng, der du går gjennom både skog og åpne fjellpartier før du når toppen. Fra Kjedleknuten får du panoramautsikt over daler, vann og fjorder, noe som gjør turen vel verdt innsatsen.
Følg blåmerkinga til Gauksåmknut. Fortsett 400 m på flata før du tar til venstre opp til Åsefjell på 604 moh. Så ned i skaret og opp til Kjedleknuten. (Folk med høgdeskrekk liker nok betre å gå opp her framfor ned. Går du motsatt veg, kan det vera best for magen å ta av stien etter Kjedleknuten og gå ned mot søraust før det blir bratt). Postkassa er på Kjedleknuten på 631 moh. Vidare går turen ned i Rauneskar og opp på ein fjellrygg på rundt 610 moh. Så ned i det tredje skaret før turen stiger til ein rygg på 604 moh. Fortsett på fjellryggen og ta til venstre ned til den gamle ferdselsvegen mellom Hovsherad og Sirdalsvatnet ved Virak. Følg stien til Sirihola og Langelandsstølen. Frå Langelandsstølen fylgjer du ånå frå Langelandstjørna tilbake til Sætra. Legg merke til kloppar og steinsettingar langs ånå.
Etter bygdeboka har Langelandsstølen eit tynt moldlag over morenegrusen. I ei solvendt bakke ser me spor etter åker og me finn òg fleire hustufter. Nokre er rester etter stølshus, andre har forhistorisk preg mens nokre er frå nyare tid. Det finnes både rydningsrøyser og gravrøyser. I kulturminnesøk.no har Riksantikvaren lagt inn: "Tuft 19 x 5,5 m SV-NØ, 4 rom. Tuft 20 x 6 m 2 rom: Innh., ukl. Gardfar, utgard, rydningar."
Litt historie: I skattelistene finn me Mikkel som den første i Langelandsstølen i 1664. Karen Sørensdtr. blei fødd på Langelandsstølen i 1692 som den yngste av fire søstre. Ho blei dømd til døden 23. mai 1718 for blodskam. Under transporten til Stavanger fekk ho rømme, fortel bygdeboka. Den fortel ikkje om faren fekk straff. I 1723 hausta dei 5 tønner korn og fødde 2 kyr og 6 sauer. Svigersonen til Søren og svogeren til Karen fekk skøyte på garden 11. nov. 1738, men "løp frå alt i 1751 og selde alt for ein billeg pris". Han var den siste som budde på Langelandsstølen, som blei øydegard.
På slutten av 1700-talet gjorde myndigheitene forsøk på å få tatt opp att øydegardar. Lunddølane sa det slik på tinget 23. okt. 1792: "I en rekke år hadde familier prøvd livet her oppe, men jorden var ufruktbar. Det var ikke et sted folk kunne bo. Plassen har ligget øde i 40-50 år, og ingen mann vil sette seg til der."