Liafjellet frå Mobergsvikjo

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,3 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 280 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Målet for denne turen er Storevarden (259 m.o.h.) på Liafjellet, og turen startar ved Oseana kunst- og kultursenter i Mobergsvikjo. Følg grusveg langs med Mobergsvikjo og vidare oppover på asfaltveg. Etter ca. 200 meter tek du til høgre og følgjer gangvegen oppover langs fylkesveg 552. Ved toppen av Mobergsbakken kan du velje å krysse vegen og gå inn i Stemmevegen. Om lag 200 meter etter at du har kryssa vegen, tek du til venstre og ned til Ulvenvatnet. Du følgjer traktorveg langs vatnet, over bru og vidare til fjells. Om du ikkje kryssar vegen, følgjer du gangsti vidare langs fylkesveg 552 og kryssar vegen når du er komen fram til brannstasjonen . Herfrå vil skilt leie deg til Storevarden.

Os turlag har lagt godt til rette for turgåarar. Dei har rydda sti, og bygd klopper og bruer fleire stader.

Storevarden er bygd av stein frå gravrøysa han står på. Gravrøysa er frå eldre jernalder (500 f.Kr- 550 e.Kr) og måler 15 meter i tverrmål. Gravrøysa er freda , men delvis øydelagt fordi folk har tatt stein frå røysa til å byggje varden. Ver venleg å la restane av gravrøysa vera i fred. Varden er tilhaldsstad for ein røyskatt som heiter Rasmus- ein bronsefigur laga av Os-kunstnaren Vidar Mæland

Adkomst med egen bil

Om du kjem med bil, er det fleire parkeringsplassar i Os sentrum kor du kan setje bilen frå deg. På enkelte parkeringsplassar i sentrum er det avgrensa parkeringstid. På kvardagar treng du ei parkeringsskive som syner når du parkerte. Parkeringsskive får du på Rådhuset og i fleire av butikkane på Osøyro.

Adkomst med kollektivtransport

Frå Bergen bussterminal tek du rute 600 og går av ved Os bussterminal.
Annonse