Liafjellet frå Nore Neset

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 1,5 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 227 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Det er fleire stiar langs Liafjellet som leier deg til Storevarden (259 m.o.h). Denne turen startar ved Nore Neset. Ved startpunktet vil du sjå Nore Neset aktivitetshus, Nore Neste barneskule og den nye ungdomsskulen som sto ferdig i 2014.

I starten går du på grusa tursti innover i terrenget. Etter omlag 300 meter kryssar du ei bru og går vidare langs elva. Etter om lag 50 meter svingar stien til venstre opp mot toppen. Turen til toppen går på stein, jord og røter, og dersom det er nedbør vil det bli både glatt og gjørmete. Hugs gode sko.

Os turlag har lagt godt til rette for turgåarar. Dei har rydda stien, og bygd klopper og bruer fleire stader.

Storevarden er bygd av stein frå gravrøysa han står på. Gravrøysa er frå eldre jernalder (500 f.Kr- 550 e.Kr) og måler 15 meter i tverrmål. Gravrøysa er freda , men delvis øydelagt fordi folk har tatt stein frå røysa til å byggje varden Ver venleg å la restane av gravrøysa vera i fred. Varden er tilhaldsstad for ein røyskatt som heiter Rasmus- ein bronsefigur laga av Os- kunstnaren Vidar Mæland.

Adkomst med egen bil

Følg E39 mot Halhjem. Ta til høgre mot Bruarøy/Lepsøy. Følg vidare skiltinga mot Lepsøy. Ved neste kryss ta til høgre mot Hagavik. Når du kjem til Lyssand Gartneri tek du til høgre. Sjå skilt merka "Aktivitetshus". Følg vegen opp mot ungdomsskulen. I helgene kan man setje bilen her.

Adkomst med kollektivtransport

Ta buss nummer 603 eller 607 frå Os bussterminal. Gå av ved Nore Neset barneskule.
Annonse

on the path