Bjordal-Ulserhaug, 631 m.o.h.,  Vikebygd

Publisert av privatperson
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    8,4 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - nov

Denne turen går frå Bjordal og sør-austover til Vikebygd nest høgaste fjell, Ulserhaug, 631 moh, og derifrå attende til Bjordal.

Turen startar nede ved Bjordalstunet, og ein føl kommunevegen mot vest i ca. 100 m før ein tar til høgre bak ein låve og inn på ein traktorveg. Traktorvegen går først langs innmark, før den går inn i bjørkeskogen. Denne traktorvegen skal ein følgje i ca. 900 meter til den er oppe på ei flate.

Ein går ca. 100 m til på traktorvegen etter den flatar ut, så tar ein til høgre over nokre steinar/tørrlagt bekk og på skråoppover ein bakke, etter ca. 200 meter så er ein ved eit høgt skilt aust for Rundehaug.
​Her tar ein til høgre austover opp nok ein bakke, før ein kjem til Store Skjeren og det blir flatt og myrlendt i vel 300 meter. Så stig ein litt i terrenget på sørsida av Steintjørnryggen, før ein går ned mot Steintjørn og kryssar myra sør for denne tjørna.

Dei neste par hundre metrane så steig ein oppover langs nordsida av Steintjørnhaugen/Høgehaugen, før ein kjem til ei myr flate som ein kryssar. Langs Steintjørnhaugen/Høgehaugen så kan ein sjå på venstre side,nordover, ned mot Skjenåstjørn.
Deretter så går ein på ein bergrygg inn mot Grønedalen som er ein noko bratt dal, men forholdsvis kort. På toppen av Grønedalen så flatar det ut igjen og ein går ca. 400 meter i utkanten av ei myr, før ein går inn i Dyrdal, ein trong dal der terrenget stig noko, men det er ei god, og nokså våt, kneik på slutten. Innover Dyrdal så har ein Mørkedalsnuten på venstre side.

På toppen av Dyrdal, sør for Dyrdalsnuten, så tar ein til høgre, mot søraust, og går i nokså myrlendt terreng i eit par hundre meter til ein kjem ut i eit slags skar sør for Ulserihaugtjørna. Frå der er det berre å runda vatnet på nordsida og ta dei siste 100 metrane opp til toppen av Ulserhaug.

På toppen ligg ein turpostkasse, her legg speidarane kvart år ei bok som ein kan skriva namnet sitt i, den ligg ut i sommarhalvåret til og med oktober. Ulserhaug den fjerde toppen i den velkjente Hardhausen, «6 toppar på ein dag» turen i Vikebygd.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar frå parkeringsplassen i Bjordal ved Bjordalstunet, husk parkeringsavgift. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 6 km, ta så til høgre ved kryss som er skilta med Bjordal, kjør til endes på denne vegen.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.