Tur til Trodlafjell, 637 m.o.h, Vikebygd

Publisert av privatperson
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    8,8 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Mar - okt

Denne turen går frå kyrkja og opp til Vikebygd sitt høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h. og tilbake same vegen.

Ein går opp mot krysset ved fylkesvegen og tar til venstre der, og tar så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper. Ein skal følgja skilt mot Viekstølen.

Føl grusvegen rake vegen oppover forbi Vassverket sitt reinseanlegget, her blir det ein god del brattare dei neste 800 metrane opp mot Kleivane. Ved Kleivane så flatar vegen seg ut, og det går jamt oppover mot Longavatnet. Longavatnet ligg på om lag 290 høgde over havet.

Ved Longvatnet så går ein på venstre sida ( nordsida) av demningen og føl sti langs vestenden av vatnet før den svingar oppover i terrenget, etter ca. 300-400 meter på ein sti i fint skogsterreng med noko stigning så er ein over tregrensa. Her er det eit stykke med nokre våte parti før ein er ved krysset som syner vegen opp til Trollafjell. Dette krysset ligg på ei lita myrflate.

Ved krysset tar ein til høgre ( austover) opp eit lite bratt berg og vidare over ei myr før det for alvor byrjar å stige oppover. No står den tyngste delen av turen att, det blir ein del brattare, men ikkje verre enn at ein kjem seg fint oppover og kan nyta utsikten som blir betre og betre etter kvart.

Stien buktar seg oppover til den flatar ut nokre få hundre meter frå toppen, siste del av turen er på fjellgrunn i nokså slak stigning fram mot toppen.

På toppen har ein utsikt i alle himmelretningar, det ligg og ute ein turpostkasse som i sommarhalværet inneheld ei bok.

Etter ein rast på toppen, så ber ferda vidare tilbake same vegen, eller ein kan velja å gå vidare mot Troddlanibbå, sjå lenke lengre nede på denne sida for tur detaljar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.