Vikebygd-Ulserhaug, 631 moh

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    5,3 km
    1 time, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Mar - okt

Denne turen går frå kyrkja i Vikebygd og opp til toppen av Ulserhaug, 631 m.o.h., ruta går via Børkjelivatnet.

Frå kyrkja gå opp mot krysset ved fylkesvegen, ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30 meter. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.
Føl grusvegen rake vegen oppover til Vassverket sitt reinseanlegget, ved vassverket tar ein til høgre opp ein traktorveg. Herifrå er det ca. 2 km med stigning før ein er oppe ved Børkjelivatnet på ca. 480 m.o.h.

Ein følgjer skogsvegen i ca. 400 meter til den går over til ein sti som buktar seg oppover i bjørke og- furuskog. Stien er for det meste tørr, og det er eit fint terreng å gå i, sjølv om det er eit par bratte parti underveis. Lia oppover her heiter Indre Børkjelia, like under tregrensa så byrjar det å flate ut. Når ein over tregrensa så er det ca. 800 meter nokså slakt opp til Børkjelivatnet, det er nokolunde tørr sti opp mot vatnet, med nokre få litt blautare parti. Den første halvdelen opp mot vatnet går stien sørover på ein rygg like aust om Hestadalen, før den svingar litt meir på aust opp mot vatnet.

Oppe ved Børkjelivatnet så skal ein ta til høgre, på vestsida av vatnet, det er eit vegkryss der som er skilta. Stien går no vidare langs vatnet i fint terreng og med fin utsikt over vatnet etter kvart ein stig i terrenget. Etter ca. 400 meters gange så er ein i søre enden av vatnet.

Herifrå går stien på for det mest på fjellgrunn i ca. 400 flate meter, til den går over på noko myrlendt i det ein går litt nedover og passerar nordenden av Ytre Mørkedalsvatnet på høgre side. Frå her så går det oppover i ei noko bratt kneik opp til Midtre Mørekdalsvatnet, som ein går på nordsida av, før ein får ei mindre kneik opp til Indre Mørkedalsvatnet.

Ein kryssar bekken som renn frå Indre Mørkedaslvatnet, og går eit lite stykke langs vatnet mot ein liten varde, ved denne varden så set ein nasa nesten beint mot Ulserhaug. Det er no ca. 1 km igjen og 100 meter med stigning før ein er på toppen. Her er det noko tunggått, då stien går igjennom ein del tuver og lyng, mens den samtidig et høgdemetre. I det ein nærmar seg sjølve oppstiginga til toppen så blir det litt myrlendt, før ein tar i veg, på for det meste fjellgrunn, det det siste vesle stykket opp til toppen av Ulserhaug.

På toppen ligg ein turpostkasse, her legg speidarane kvart år ei bok som ein kan skriva namnet sitt i, den ligg ut i sommarhalvåret til og med oktober. Ulserhaug den fjerde toppen i den velkjente Hardhausen, «6 toppar på ein dag» turen i Vikebygd.

Frå toppen så kan ein gå vidare til Bjordal, Longåsdalen,Morgonsvatnet, Sætrfjell, eller tilbake same vegen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse