Bårefjell 400 m.o.h., Vikebygd. 

Publisert av privatperson
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    2,6 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Feb - nov

Denne turen er opp til toppen av Bårefjell og ned samme vegen igjen.

Bårefjell er ein populær tur i søre enden av Vikebygd, det er ein lite krevjande tur og veleigna for folk i alle aldrar. På toppen 400 m.o.h.er det fin utsikt ned til Bjordal og sørover.


Turen startar nede ved Bjordalstunet, og ein føl kommunevegen mot vest i ca. 100 m før ein tar til høgre bak ein låve og inn på ein traktorveg. Traktorvegen går først langs innmark, før den går inn i bjørkeskogen. Ein føl denne traktorvegen, som stig nokså krapt etter kvart, til den flatar ut. I det den flatar ut ved eit gjerdeskilje, så tar ein til venstre opp ei bratt skrent. Det er litt bratt dei fyrste 100 metrane, men så flatar det noko ut og ein går langs sørsida av Bårefjell før ein svingar litt nordvest og straks er på toppen.

Her legg speidarane kvart år ei bok som ein kan skriva namnet sitt i, den ligg ut i sommarhalvåret, april til og med oktober. Bårefjell er siste topp i den velkjente Hardhausen, «6 toppar på ein dag» turen i Vikebygd.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar frå parkeringsplassen i Bjordal ved Bjordalstunet, husk parkeringsavgift. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 6 km, ta så til høgre ved kryss som er skilta med Bjordal, kjør til endes på denne vegen.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.