Jettegrytesti

Annonse

Om turen

Ei vandring langs Koldalselva byr både på natur- og kulturhistorie og fine opplevingar i eit bortgøymt idyll tett på sentrum: Langs Koldalselva i Eikelandsosen ligg det fleire store jettegryter, nokre heile og andre halve. Dei er oftast utforma i den relativt mjuke bergarten glimmerskifer, men òg i granitt. Jettegrytene er danna av rennande vatn, som set stein og grus i rørsle, slik at det vert laga holer i berget. På grunn av den særeigne forma, og ofte enorme dimensjonar, har det opp gjennom tidene kvilt eit skjær av mystikk rundt fenomenet jettegryter, og dei har gjeve grobotn for segn og forteljingar. Namnet jettegryter spelar truleg på førestillingar i norsk folketru om at dette var grytene til “jøtular”, nokre kjempemessige eventyrfigurar. Det har vore stor næringsaktivitet langs Koldalaselava med margarinfabrikk, kisteverkstad, kraftstasjon, bygdekvern osb (fleire)

TURFORKLARING:

Lett tur. Det ligg fleire jettegryter ved gangvegen 50 m nordaust for Neset. Den største har ei svak spiralformsom syner at vatnet har strøymt i spiral ned langs sidene av gryta. Du kan gå inn i gryta, sidan det vart sprengt hol i ho då det vart bygd veg. Følg gangvegen opp brekka til høgre og følg sti vidare inn mot vassdraget. Etter 1200 meter når du inn til dei store halvgrytene. Ein kan gå inn i botnen av dei 13-14 m høge halvkvelvane.

Herifrå kan du følgja sti opp til fylkesvegen og eventuelt gå vidare mot Leitet på Eikeland eller Koldals-runden.

Stien langs elva er av vekslande kvalitet og det ein fordel med godt skotøy/ støvlar.

Andre turar i området

“Koldalsrunden” (sjå anna turkort) er ein tur som passar godt saman med å sjå på jettegrytene.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Fjord'n senter.
Annonse