Turen opp til Mikkelsvatnet er på omlag 1,2 km frå der traktorvegen startar. Turen er ikkje veldig krevjande men det er litt stigning i starten, samtidig som det kan vera veldig blaute partier. Ein god del av stien går langs med Vikelva. Stien er noko ulent, og ved nedbør blir det veldig sleipt og bløtt. Hugs godt fottøy.
Området har bra med hjort og er man heldig får man kanskje eit glimt av desse flotte dyra. I Mikkelsvatnet er det ein del småaure (100 g). Om ein tek fiskestonga med seg er godt mulig å få fisk.På sørsida av vatnet, er det greit å setje opp ei telt om ein skulle ønskje det.