Kyststien Strandvegen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,5 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 113 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Strandvegen går langs kysten mellom dei to friluftsområda Mobergsvikjo og Smievågen. Skilt syner vegval undervegs. Turen startar vis-a-vis Os rådhus og går austover. Like før du går over brua mot Oselevarverkstaden heng det ei informasjonstavle som er nyttig å lesa på. Ta gjerne eit stopp på brua og sjå om du ser laks som ventar på å ta seg oppover vassdraget.

Kyststien følgjer smal bilveg og tursti via Oselvarverkstaden med museum, Lyngheimtunet, Solstrand Hotel & Bad og Moldegårdparken, før han ender opp ved friluftsområdet Smievågen. Kyststien har utsikt mot fjord og fjell, og du vil òg sjå glimt av Folgefonna. Turen er om lag 3,8 km lang.

Adkomst med egen bil

Kjem du med bil, er det fleire parkeringsmoglegheiter i Os sentrum. Enkelte stader treng du ei parkeringsskive og den får du på rådhuset eller i butikkane på Osøyro. I helgene treng du ikkje parkeringsskive.

Adkomst med kollektivtransport

Kjem du frå Bergen tek du rute 600 frå Bergen bussterminal og inn til Os sentrum. Frå Halhjem tek du òg buss med nummer 600 inn til Os sentrum.
Annonse