Geitafjell

Publisert av: Kvam Turlag
Annonse

Om turen

Turen til Geitafjell startar frå parkeringsplassen like etter Selesete. Her fylgjer ein vegen til Allkleiv til endes. Herfrå på tydeleg sti til stølen Norheimsdalen. Frå Norheimsdalen er raskaste veg rett opp Vallandsgjelet frå fyrste avsatsen i gjelet tek ein rett vestover (venstre), seinare meir nordleg til toppen. Spreidd varding av ruta opp her.

Det er andre alternative måtar å komma til Geitafjell. Frå Norheimsdalen kan ein gå via Kalderassen, eller mot Sælesetetjørn og følge ryggen derfrå opp til toppen. Samme ryggen fylgjer ein og om ein kjem frå Kvamskogen og går via Byrkjesete, Dusgjel og Klypet. Det er og mogleg å gå omlag rett aust på Geitafjell frå Sundvordalen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Fv7 i Norheimsund mot Sjusete, ta av til Sælesete like etter Skålheim. Køyr forbi gardstunet på Sælesete til fyrste grinda, der det er parkeringsplass. Legg pengar for parkering i boks ved grinda.

Adkomst med offentlig transport

Buss til Norheimsund. Turen er mogleg å gå frå Norheimsund sentrum via Skutlaberg.
Annonse

Publisert av

Kvam Turlag