Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant Hordalandsfjella”. Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913. Varden er verna av Statens Kartverk. På toppen finn du storslegen utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna.
TUROMTALE: Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug. Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark.
Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske vatnet i Holo, før siste oppstiging til toppen. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren.
Frå toppen av Melderskin er det på godversdagar ein heilt utruleg utsikt i alle retningar, vel verdt slitet med turen opp.
GODE RÅD: Ta med ekstra drikke.
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:
Frå Bergen, følg E16 til Trengereid. Vidare mot Eikelandsosen og Gjermundshamn. Ferje til Årsnes. Frå Årsnes 9 km. sørover til Rosendal. Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta.
Det er mogleg å koma til Rosendal med ferje til Årsnes, via Odda og Folgefonntunnelen eller via Halsnøysambandet. Ein kan også koma med ferje via Skånevik. Elles går det hurtigbåt frå Bergen til Rosendal med daglege avgangar. Det er også bussamband. Sjå skyss.no for rutetider.