( Information in English? Look below the Norwegian information )
Skildring av tur
Ved parkeringsplassen er det ei infotavle. Gå ca. 50 m til ei bru. Her er det skilta til Vatnasetenuten og Tostøl. Denne turen er ein rundtur og er omtalt å gå først i retning Tostøl, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsett veg. Gå over brua i retning Tostøl. Stien er forholdsvis lett å gå, men med ein del små kneiker. På blaute parti er det er lagt steinar til å trø på. Etter ca.1 time kjem du øvst i Saurdalen, til eit stikryss med skilting til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå mot Vatnasetenuten. Etter nokre kneiker kjem du opp på eit høgdedrag og har god utsikt i alle retningar. Følg dette høgdedraget mot nord heilt opp til Vatnasetenuten. Flott utsikt frå toppen. Turen vidare ned til Våhaug er bratt i starten, men elles er det lett å gå.
Sesong
Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen.
Råd for turen
-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er ikkje god på heile turen. Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.
English version:
Starting point/parking:
Take road 550 to the north from Herand quay. After 4.1 km, and slightly south of the highest point in the road (Åsleitet) you leave the main road (eastwards) and follow onto a forest road. You will find an information board there. If you continue by car this is a toll road. The pay point is 100 m in from the main road. There is a good car park at the end of the road (Våhaug). Parking at own risk.
Description of the hike:
There is an information board at the car park. Proceed 50 m to a river bridge and find the signs marking routes to Vatnasetenuten and Tostøl. This tour describes a round trip, starting in the direction of Tostøl. (The character of the hike is however quite similar if you should choose the opposite direction.) Cross the bridge and follow the trail towards Tostøl. The path is easy with a few short inclines. Steppingstones have been laid out in the muddy places. After about 1 hour you reach the top of Saurdalen and meet a branch in the trail. Here you find markers for Vatnasetenuten and Tostøl. Take the path marked Vatnasetenuten. After a few inclines you come to a ridge with a good view in all directions. Follow the ridge northward until arriving at the top of Vatnasetenuten and the great view there! The hike returns down to Våhaug on an easy path (a bit steep at the start).
Season
May – October/November. You can also use this tour as a ski hike in the winter. However, it will then be longer and more demanding because the forest road is not maintained during the winter. The hike will then have to start at the main road.
Hiking advice
Bring food, drinking water and windproof clothing.
We advise you to use hiking boots. If it’s been dry weather for a while, you could use trainers/sneakers.
We recommend that you bring a map of the area and a compass, or a GPS.
Cell phone signals are NOT GOOD during the whole of this hike.
Dogs must be always kept (by law) on a leash between April 1 and August 20.
Open fire is prohibited in the hills and woods between April 15 and September 15.
You are free to walk anywhere in the hills and mountains. Take care of the nature and show special consideration to all wildlife. Please do not litter.
Ask the Tourist Information regarding angling/fishing and the purchase of fishing permits.