Landåsfjellet og Nubbevatnet

Legg til huskeliste
Annonse

Dette turforslaget er opprinnelig oublisert i boken "OPPTUR BERGEN", Selja Forlag. Vi takker for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Mektig utsyn mot byen

Start: Helgesæter

Tid: 1 - 2 timar

Høgt: 220 - 400 moh.

Lengd: 5,5 km

Om du er vestlending, skal du frå kanten av Landåsfjellet vera kjenslekald for ikkje å kjenna svulmande byrgskap over byen som faldar seg ut framfor føtene dine.

Ved Helgesæter heilt sørvest på Byfjellene har du allereie gjort unna meir enn 200 høgdemeter, og det er her turen tek til. Herifrå snirklar ein skogsveg seg vidare innover og oppover, og slik blir Helgesæter eit fint utgangspunkt for lange turar i Byfjellene, men like gjerne for impulsive ettermiddags- eller kveldsturar. Dette er ein kort tur langs mykje av traseen til lysløypa som går over Landåsfjellet og like til Montana. Følg skogsvegen som stig til dels bratt oppover. Du har gjort unna dei verste stigningane der skogsvegen blir til sti. Undervegs har du passert fleire benker som du kanskje har nytta til å ta ein pust i bakken.

Følg stien vidare innover til Nubbevatnet. Dette er eitt av svært få vatn i Byfjellene som kan nyttast til bading, og på fine sommardagar kan her vera eit yrande liv. I nordenden av Nubbevatnet ligg Baunehytten, som er eigd av Sportsklubben Baune, heimehøyrande på Landås.

Løypa passerer på vestsida av Baunehytten og går attmed kraftlinja nedover på austsida av Ormhaugen. Ved stidelet i botnen av desse hellingane tek du til venstre og går sørover att, no med Bergensdalen liggjande i all sin velde vest for deg.

I stikrysset du kjem til, kan du ta til venstre over Ormhaugen og attende til Nubbevatnet, eller du kan halda fram sørover og så ta til venstre i neste stidele. Følg skogsvegen attende til utgangspunktet.

Adkomst med egen bil

Parkering mot betaling i området Nattlandsfjell.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggeren. Buss 81 til holdeplass Nattlandsfjellet.
Annonse