Hedleberget er eit skiferbrot på Kyte, fylt med historie og spektakulær utsikt. Kring 1900 var skiferindustrien den største arbeidsplassen på Voss. I dag har ein restaurert gamle bygningar, og på utescena er det fleire konsertar i sommar. Om ein vil bevega seg, går det ein nydeleg kultursti frå Voss Bryggeri og opp i skiferbrotet.
Du kan starte turen ved Voss Bryggeri eller ved Fellesbrakka/Fellesteigen. Avstanden mellom dei to startpunkta er 700 meter. Ein rundtur tilbake til utgangspunktet vert då 3 km.
Køyr via Kytesvegen og inn til Hedleberget (på venstre side). Kjem skilt til parkering.
Buss Voss - Lemme