Akssete

Publisert av: Kvam Turlag

Ta av frå F49 litt lenger ute enn Coop-butikken på Tangerås. Køyr opp vegen Tangeråslia, øvst i byggjefeltet er det parkeringsplass. Fyrste delen av turen er merka av Kvam næringsråd /

Grendautvalet. Turen er også merka med gule T-ar. Start oppover skogsvegen. Etter eit lite stykke (ca 150) kjem du til ei grind. Etter grinda kan du svinga slakt til høgre og gå vidare på sti, - eller du kan gå rett fram og fylgja skogsvegen. Stien og skogsvegen møtest lenger oppe. Rett oppanfor der stien og

vegen møtest (eit par 100 m), kjem du til eit lite gjel / bekkafar, der kan du fylgja bekkafaret eller svinga til venstre og gå opp ei bratt li. Desse stiane møtest også lenger oppe. Fylg stien oppover og du kjem til ei stor myr, her ligg det ute turbok frå Strandebarm idrettslag. Her er stikryss, du kan gå vidare mot Klepp, eller svinga nordover mot Aksete og Kråkenos.

Fylg stien vidare til du kjem på høgde med Skarsdemma (stien går ikkje bort til vatnet), gå over bekken og hald fram oppover lia. Etter nokre 100 m kjem du over skoggrensa. Du ser no Kråkenos framfor deg. Stien svingar mot nord, du får Hestabergvatnet på høgre hand og fin utsikt til Vesoldo.

Vidare går stien på kanten mot Røyndal. Når du kjem oppå høgda under Kråkenos, rett før ei lita elv, tek du av til høgre/nordover viss du til Akssete. Går du til venstre kjem du til Kråkenos.