Fottur til Breistølshytta frå Strandvik

Legg til huskeliste
Annonse

Turen startar i sentrum av Strandvik. Gå over elva og følg skilt til Legland. Etter ca. 1 km på asfalt, ta av mot venstre ved skilt til Breistølshytta, Longenuen og Fusafjellet. Følg grusa skogsveg. Vegen er til tider bratt. Etter vel 1 km blir skogsvegen mindre bratt. Vegen går i austhellinga mot Sævareidsfjorden og ein ser mot Sævareid, Baldersheim og Håvik. Fine mogelegheitar for bærfangst og fleire fine stader å raste. Etter 4 km , i enden av skogsvegen, går du over på sti som har raude markeringar. Ver obs på at malinga nokre stader er litt dårleg, men følgjer du stia, finn du merka att. Stia er til tider ganske blaut, og du krysser fleire myrområde. Godt skotøy er difor ein fordel (sjå bilete). Etter knappe 1,5 km er du framme ved hytta. Der er det benker som er gode å ha etter mange kilometer på grus og i terreng.

Breistølshytta kan leigast via Strandvik idrettslag.

Sjå link med historia om Breistølshytta i Fusafjedle.

Turen er kun beskrevet en vei.

Adkomst med egen bil

Frå Eikelandsosen: Følg RV522 mot Venjaneset. På Fusa, ta av mot Håvik (Fv122) og følg vegen til sentrum av Strandvik. Godt med parkering i sentrum av Strandvik. Frå Os: Følg RV522 til Hattvik. Ta ferge til Venjaneset. Følg RV552 ca 1 km og ta til høgre mot Håvik (Fv122). og følg vegen til sentrum av Strandvik. Godt med parkering i sentrum av Strandvik

Adkomst med kollektivtransport

Rute 743 fra Venjaneset. Korresponderer med Rute 740 fra Eikelandsosen og Bergen.
Annonse