Turen startar frå toppen av hyttefeltet på Hegrenes på Ålhus. Noko bratt terreng i starten før terrenget flatar ut i eit parti der du går i koseleg skogsterreng. Du legg nesten ikkje merke til at det er bratt både ovanfor og under deg i dette området. Når du byrjar på bratta igjen må du småklyve litt eit par plassar, før stien slyngar seg fint opp til over skoggrensa. Når du kjem over skoggrensa får du fantastisk utsikt mot Jølstravatnet i vestleg retning! Du ser Jølstravatnet mot Vassenden, store delar av grenda Ålhus og inn mot Gotdalen, samt gardane i Sandalen på motsett side av Jølstravatnet.
På seinsommaren og hausten er dette ein tur som gir nydeleg kveldsol. Her er det mogelegheit for å oppleve fargerik solnedgang i vest der du får sjå sola blenke i Jølstravatnet, og lage fjella i vestleg retning til svarte konturar mens sola gir fargespel på himmelen. Støylen ligg plassert slik at mange i Jølster meiner at dette er ein av dei finaste støylstomtene i heile bygda. Du tenker knapt på at rett under støylstufta er Skjersura, som det periodevis rasar steinar frå ned på E39.
Turen opp tek ca 45-60 minutt opp. Det er mogeleg å forlenge turen ved å gå vidare opp til toppen av Bjørsetfjellet. Før du kjem til støylen er det delvis merka sti vidare hit.
AC Kapstad for IST
Ta av E39 ved Hegrenes. Køyr til toppen av byggefeltet. Hald fram vidare igjennom hyttefeltet der du parkerer ved vegens ende. Parker på vegskulder slik at du ikkje er til hinder for anna trafikk. Sidan dette er eit ganske populært turmål på fine dagar og kveldar bør du parkere slik at det vert plass til flest mogeleg bilar.