Fottur til Kjelsnesstøylen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,1 km
  • 2 t, 30 min
  • Rundtur
  • 405 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Kjelsnesstøylen byr på 400 høgdemeter "rett opp" på sti som er mykje brukt. Vel oppe har du utsikt over Vassenden, Jølstravatnet og Tindefjellet. Om kveldane er det fint å nyte kveldssola og solnedgangen på støylen.

Turen startar med å gå 150 meter frå parkeringa. gjennom grinda, og opp bøen. Her kan det vere beitedyr heile sommarsesongen. Derfor viktig at du let att grindane til bøen. Etter å ha gått opp bøen kjem du til ei ny grind som tek deg inn på eit hyttetun. Du går opp "baksida" av hyttetunet og gjennom enno ei grind. Du kjem inn på skogsveg som du følgjer i tre krappe svingar oppover. Her tek du inn på bratt sti i sørlig retning gjennom eit granfelt. I dette partiet passerer du ei lita grov. Du kjem så vidt inn att på skogsvegen. Denne kryssar du og held fram på stien som har jamn stigning oppover skogen fram til Holten. Her opnar skogen seg og du får utsikt mot Ålhus. Du dreier litt mot sørvest i eit flatare parti, kryssas ei ny grov, og tek deg opp det siste stykket mot støylen.

Du kan velje å gå same ruta ned att. Mange vel å gå heile skogsvegen ned. Det er spor etter eldre raude merker etter fjelltrimmen frå start til slutt.

Tips
Det er kort veg opp til både Vårfjellet og Hamarsegga frå Kjelsnesstøylen. Du kan følgje nokre dyretråkk som går rett sør for det øvste selet på Kjelsnesstøylen. Dette tråkket tek deg opp i skaret midt i mellom toppane. Eit anna alternativ er å gå i myrlendt terreng vestover ryggen der støylen ligg, og gå inn på stien til Vårfjellet som kjem frå Gjesdalen.

Den bratte stien eignar seg godt for dei som ønsker seg motbakketrening. Dei raskaste har brukt 15-18 minuttar frå Jølstravatnet og opp til det første selet.

Fakta
Lengde: ca 2 km kvar veg og 400 høgdemeter.
Tid: 1-1,5 time opp. 2-2,5 time t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Frå Vassenden tek du av Jølstravagen (E39) og køyrer over brua over Jølstra og inn på Nikolai Astrups veg. Hald fram på denne i omlag 2 kilometer. Du passerer båtbrygga, hyttefeltet og det gamle skulehuset på oppsida av vegen.

Køyr omlag 150-200 meter til. Du finn ei utkøyrsle på vegen ned mot vatnet. Denne er rett under husa i byggefeltet Vassbakkane. Her kan du parkere. Om du ikkje finn plass på denne utkøyrsla kan du returnere og parkere ved det gamle skulehuset.

Pga. trafikken med turistbussar til Astruptunet, og gardsdrift med dyrestell, er det ikkje høve til å parkere tett opp i vegbana eller ved gardstuna i området.

Annonse

on the path