Bakkestøylen og Holestøylane er to støylar som ligg så tett at det ser ut til å vere same støylstufta. Bakkestøylen vert lokalt i Jølster kalla for Hamarsbakkestøylen. Turen opp går i idyllisk skog over små bekkefar med flotte steinheller som bruer. I sommarhalvåret møter du på geitekje, som kjem frå Søgnesand, som har sommarbeite på bøane i Hamarsbakken.
Sidan bøen er beiteområde for geiter er det ekstra sterk straum i dei elektriske gjerda. Pass derfor godt på både hundar og ungar når de er i nærleiken av gjerda og grindane. Når du går over bøen bør du ha reine fjellsko. Då unngår du å ta med deg smitte frå andre husdyr inn på beiteområdet. Vask dei gjerne i Jølstravatnet før turstart.
Turen startar frå parkeringa langs Nikolai Astrups veg i vestleg retning i omlag 200 meter før du dreier sørover opp gardsvegen. Gå gjennom tunet. Ved fjøsen dreier du i vestlig retning og går over brua og tek deg inn på bøen. Det er grind ved brua. Gå på sti i sørlig retning i bratte bakkar oppover skogsområdet. Undervegs vil du dreie i austleg retning og passere over steinheller som fører deg tørrskodd over Hamarsbakkeelva. På Aksla møter du den andre stien og ein kvilestein. Frå her går stien i sørleg retning opp mot støylane. Siste 150 høgdemeterane opp er i noko vått myrlendt terreng. Når det flatar ut opp mot støylen er myra tilrettelagt med trestokkar og pallar. Stien er god, og det er godt merka heile vegen.
Tips
Støylane ligg ope og fint til i eit stort og flatt fjellparti under Middagsfjellet. Det er fint å forlenge turen ved å anten gå vestover i Hamarsbotnen, eller austover mot Remmane. På vegen mot Remmane får du utsikt over Jølstravatnet, Ålhus og Klauva. Her passerer du også eit parti med kraftig furuskog. Ved Remmasteinen ser du ned at til gardane.
Det går ein sti heilt bort til Tollefstøylen. Denne vart merka som fjelltrimpost for ein del år sidan, og går på aksla i retning Brunene og bort til Tollefstøylen (på kartet er denne merka med namnet Strandsstøylen ) ved Støylshamrane.
Fakta
Lengde opp: omlag 2,2 km og 450 høgdemeter. Tid opp: 1,5 time. 2,5-3 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Frå Vassenden tek du av Jølstravagen (E39) og køyrer over brua over Jølstra og inn på Nikolai Astrups veg. Hald fram på denne i omlag 3,7 kilometer.
Hald fram i Nikolai Astrups veg over Hamarsbakkeelva og forbi bøane til garden. Du finn ei utkøyrsle på nedsida av vegen ned mot vatnet. Her er det lagt til rette med eit campingbord. Her kan du parkere.
Pga. trafikken med turistbussar til Astruptunet, og gardsdrift med dyrestell, er det ikkje høve til å parkere tett opp i vegbana eller ved gardstuna i området.