Denne turen startar ved parkeringsplassen på Tøsdal.
Frå parkeringsplassen går du 300 meter på grusa sti før du kjem til første kryss. Her tek du ikkje til venstre opp Eikebotn, men fortsetjer rett fram. Vegen går vidare opp gjennom granfelt. Denne delen av turen er ganske bratt, men etter omlag 1 km flatar terrenget ut.
Ved toppen av granfeltet kjem du til kryss og du fortsetjer vidare rett fram
Os turlag har lagt flott til rette for turgåarar heile vegen. Etter omlag 2,7 km vil eit skilt vise deg at du er omlag 800 meter frå Runa. Berre nokre få hundre meter etter dette tek du til høgre og følgjer skiltinga vidare siste del inn til Runa. Den siste delen inn mot Runa er ein ynda plass for hjorte, og er du stille kan du vera heldig å få auga på desse dyra.
Runa er ei lita steinhytte som ligg 440 m.o.h. ved Grytestølen i Stemmedalen. Hytta vart sett opp i 1927 av steinarbeidaren John J. Heggland eller " Lars Jon`n" frå Hegglandsdalen.
Hytta skal òg ha vore kalla "Russarhytta" fordi ein russisk krigsfange på rømmen skal ha nytta hytta som skjulestad nokre veker under andre verdskrigen.