Damsgårdsfjellet og Olsokfjellet fra Melkeplassen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,1 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 326 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Dette turforslaget ble opprinnelig publisert i boken "OPPTUR BERGEN». Vi takker Selja Forlag for tillatelsen å kunne legge ut turbeskrivelsen i ut.no. "OPPTUR BERGEN" er en inspirerende turbok med 151 turforslag i Bergen og omegn.

Start: Melkeplassen
Tid: 1 time
Høgd: 130-354 moh
Lengd: 3,5 km

Melkeplassen var det han høyrest ut som: ein plass der kyrne blei samla og mjølka. Gardane i Bergen hadde ingen stølar i den tradisjonelle tydinga av ordet, men det fanst fleire slike plassar i utmarka, med sommarfjøs, som tente som samlings- og mjølkeplasser.

Vest for Melkeplassen kneisar Damsgårdsfjellet og innbyr til ein hastig kveldstur, eller ein meir omfattande søndagstur, for Damsgårdsfjellet heng saman med fleire andre fjell, og også med Kanadaskogen.

Turen tek til ved Frøyahallen og går ut gjennom hamrehaugen Borettslag. Oggstigninga er bratt og du vinn raskt høyde. Stien er tydeleg og legg å følgja, og underlaget er for det meste berg og stein.

Fra toppen er det storfelt utsyn nordvestover Byfjorden og øyriket vest og nord for byen. Du held fram beint over toppen av Damsgårdsfjellet og får ei bratt nedstigning mot vest. Du følgjer enno i nokre hundre meter traseen for 7-fjellsturen, berre i motsett retning. Ta til venstre i stidelet og følg stien mot Nordnæsdalen nede i dalføret. Like nede på myra kjem du til nytt stidele og går på nytt til venstre, bratt opp på Olsokfjellet. Utsynet over Fyllingsdalen er imponerande. Sjølv om det er Damsgårdsfjellet som blir rekna som eitt av byens sju fjell, er det Olsokfjellet som er det høgaste i dette området (354 moh mot 344 moh).

Hald fram rundturen slakt nedover mot austsida av Damsgårdsfjellet. Litt utydeleg sti her, hold til venstre mot byfjorden når du kommer opp til toppen. Snart møtar du att stien du kom opp på.

Adkomst med egen bil

Parkering langs veien ved Melkeplassen, ingen offisiell parkeringsplass.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggeren på skyss.no. Bussholdeplass Tjønna ligger ved Frøyahallen.
Annonse