Fottur til Orkja frå Dvergsdalsdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,8 km
  • 5 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 526 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Denne ruta opp til Orkja er den lengste, men gir og den største og mest varierte utsikta. Etterkvart som du tek høgdene oppover får du gradvis meir utsikt vestover Jølstravatnet. Når høgdene er tatt går du i kupert fjellterreng over heile fjellet til du kjem til varden på austsida av fjellet. Her får du utsikt til Skei.

Frå toppturparkeringa går du i nordleg retning lopp skogsveg i eit hogstfelt. Etter å ha gått i rundt 100 høgdemeter tek du av på sti som går i nordvestleg retning i skogen. Etter kvart opnar utsikta seg der du tidvis får flott utsikt vestover mot Jølstravatnet. Etter kvart går stien litt i nordaustleg retning i open bjørkeskog, før den ved skoggrensa dreiar nordover opp mot fjellplatået. Undervegs passerer du nokre parti som etter regnfulle periodar kan vere våte.

Når du er på rundt 800 moh. kan du velje å gå sørover ut til utsiktspunktet på 883 moh. Her har du flott utsikt vestover, og er eit flott trumål dersom du ikkje ønsker å gå vidare.

Om du vil gå til toppunktet aust på fjellet, går du eit kort stykke i retur på stien frå utsiktspunktet før du dreier i nordaustleg retning. I dette området kan det vere litt vanskeleg å finne stien eit kort stykke fordi det er er ein del dyretråkk. Når du finn stien, som følgjer den nordlege sida av fjellplatået, går du vidare i austleg retning over heile fjellet. Undervegs passerer fleire flotte fjellvatn av ulik storleik. Terrenget er kupert bortover, og stien god og fin å gå på heilt fram til varden.

"Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå." Gamal regle frå Jølster, som omtalar Orkja som "skredfjellet.

Tips
Du kan gå ned att Orkja frå austleg side. Sjå lenke til turskildring.

Det er mange fine fjellvatn ein kan bade i på varme sommardagar.

Toppen av Orkja eignar seg godt for telttur.

Det går også ein sti også opp frå Myklebustsida. Ved turstart står det eit lite skilt i vegkanten opp skogsvegen. Undervegs må du passere nokre hamrar som krev enkel klyving. Denne stien møter denne skildra ruta i området der ein kjem opp på fjellplatået etter stigninga, og skal til å ta fatt på å gå i austleg retning over fjellet.

Fakta
Tid: 3-4 timar opp og 5-6 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

NB: Denne turskildringa viste tidlegare ruta opp frå Myklebust. Turen vart endra på UT sommaren 2026 etter at Jølster IL arrangerte fjelltrim opp den nye stien som no er kringkasta her, og erstattar den gamle stien. Det går å gå den eldre stien frå Myklebust framleis. Men den er mindre brukt enn tidlegare.

Adkomst med egen bil

Frå Jølstravegen (E39) følgjer du Nikolai Astrups veg og tar av mot Dvergsdalsdalen. Parker på den vestlegaste Toppturparkeringa i Dvergsdalsdalen. Denne ligg rett ved ved Orkavegen. Betaling for parkering med bruk av Vipps.

Annonse

on the path