Deler av denne turen går utenom sti og på umerket sti. Studer kartet nøye, ta med kart, kompass og GPS. Du ville oppleve nydelig utsikt over Veafjorden og se vegløse gårder som ligger langs fjorden.
Denne turbeskrivelsen er hentet fra heftet og tur nr 4 i "Høyr fjella lokka".
Det blir nesten som turen ut til Preikestolen dette her, berre atskillege hakk kvassare. Langs ville og
vakre Vedafjorden ligg turmåla på rekkje og rad; Kvåstadoksla, Fylenipa og Bergsnipa - 800 luftige
høgdemeter over fjordspeglet.
Stien starter fra Hellestræ og stien går bratt opp gjennom Kalddalen. På kring
500 moh svingar du av frå stien til Storafjellet og fortset vidare nordover på umerka sti langs
Fylekantane opp under Hestfjellet og fram til Rennebergtjødnæ. På dette strekket har du store
moglegheiter for å sjå hjort.
Frå Rennebergtjødnæ går turen vidare til dei naturskjøne Trappetjødnæ, opp til Fylenipa og fram til
Bergsnipa som heng majestetisk ut over fjorden. Herfrå har du panoramautsikt over Vedafjorden
og til dei veglause gardane Vedå, Bukkestein og Kvamme. Frå Bergsnipa går du "fjordpromenaden"
vidare til Oksla medan du har Vedafjorden som ein glitrande fylgjesven i augekroken.
Frå Oksla går det på merka sti opp under Borgafjellet og slakt nedover forbi Vardadalen,
Ulevikhytta og Drivedalstjødnæ. Så gjenstår det berre nokre bratte kliv ned Kyradalen til
Hetlevikjæ. Då har du gått 20 km med ein samla stigning på 1000 m.
Fint då, hvis du har nokon som kan henta deg, eller har køyrt inn ein bil på førehand.
Husk at kartinntegningen ikke er et GPS-spor og tjenesten er kun er ment som hjelpemiddel når du planlegger eller gjennomfører turen. All ferdsel i naturen skjer på eget ansvar.