Middagsfjellet frå Trinta

Legg til huskeliste
Annonse

Middagsfjellet er ein lett tilgjengeleg topp, som gir deg nydeleg utsikt mot fjella ut mot havet i vest og platået på Jostedalsbreen i aust. Turstart frå Trinta er på god og delvis merka sti heile vegen. Først i bjørkeskog, så over myrterreng før du kjem opp på ryggen der du går på sti i tørt lyngterreng. På ryggen har du nydeleg utsikt mot vest heile vegen opp til toppen.

Ruta frå Trinta vert relativt tidleg snøfri. Fjellet er derfor eit av dei første av fjella over 1000 moh. i Jølster som du kan gå etter vintersesongen. Om hausten er det eit nydeleg fjell å ta kveldsturen på. Her får du gå med solnedgangen i vest heile vegen opp og ned på ryggen. Dette gir gode mogelegheiter for å oppleve fargerik solnedgang! 

Fjellet eignar seg godt for ungar som er klare for å prøve seg på litt lengre turar. Turen tek omlag 1 t 15 min til 1t 45 min opp for normalt trente vaksne.

Det er enkelt å gå frå Middagsfjellet vidare til Nonsnipa (Sandalsfjellet). Går du i austleg retning i omlag 20-25 min. langs ryggen får du nyte utsikta austover Jølstravatnet inn mot Skei. Du bør legge inn 1 time ekstra ved å ta denne avstikkaren. Om du vil ha ein lenger rundtur etter å ha passert toppen av Middagsfjellet kan du gå utanfor sti ned att via Støylsfjellet, til Gjedsalsvatnet, attende til Gjesdalsstøylen og til Trinta. 

AC Kapstad for IST

Adkomst med egen bil

Køyr av E39 på Vassenden, og køyr opp til øverste gardane i Gjesdalen. Køyr skogsveg (50 kr i bom ved bruk av Vipps) til endes. Turstart frå parkeringsplassen på Trinta.

Annonse