Brandsøyåsen med sine 290 høgdemeter og 360 graders utsikt, er Florøs mest besøkte byås og vel vert turen. Det er mange stiar opp til Brandsøyåsen.
Denne turen er ein rundtur gått opp frå Solheim. Du kan også ta den som ein tur med utgangspunkt i toppen.
Startar på parkeringsplassen på Solheim og gå oppover til du kjem til eit stidele i Tofleskaret, der stien går litt brattare oppover. Fortsett på denne stien til du kjem til toppen.
Frå toppen av Brandsøyåsen gå nedover plattingen og fortsett på stien som går til høgre nedover på sørsida av Brandsøyåsen. Du vil komme inn på asfaltvegen ved Blondsdalen. Gå eit stykke nedover på asfaltvegen til du finn pilskiltet som viser veg til stien oppover Norefjell. Følg stien vestover Norefjell til du kjem opp på asfaltvegen igjen. Gå på den nokre meter og ta av til høgre og følg stien nedover. Den går langs ryggen og du får fin utsikt vestover Baseområdet / Botnastranda og øyane i Florabassenget. Følg stien vidare mot hovedstien og følg den nedover. Over Litlevarden og ned til Tofleskaret der du tar av ned mot Solheim der du starta rundturen.
Turtips: Siste høgda før toppen, ta til venstre og her finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå.
På toppen er det gapahuk, kikkert og platting med bord og benker. Heile året og heile døgnet kan ein nyte utsikta frå toppen av Brandsøyåsen.
God tur